53 prosent opp for kvoteråd på NVG-sild

Foto : Sjømatrådet / Grethe Hillersøy (2017) Foto : Sjømatrådet / Grethe Hillersøy (2017)
ICES anbefaler en kvote på 588 562 tonn for 2019. Det er rundt 53 prosent over fjorårets råd på 384 197 tonn
Det er den nye høstingsregelen som gjør stort utslag.

Dette skriver Havforskningen:  
Når det nye kvoterådet er vesentleg høgare, skuldast det ikkje stoda i sildebestanden, men ein ny regel for kor mykje det er forsvarleg å fiske.

– Bestanden er framleis på veg ned, men basert på ny og betre kunnskap har ICES berekna at det er trygt å fiske meir av silda, fortel Erling Kåre Stenevik, bestandsansvarleg for NVG-sild ved HI.

Kyststatane blei einige
Kyststatane som forvaltar silda bad nemleg ICES om å evaluere fire nye såkalla haustingsreglar. Desse kan samanliknast med konsekvensutgreiingar som vurderer korleis ulikt fisketrykk påverkar bestanden på sikt. Evalueringane blei offentleggjorde saman med kvoteråda for dei andre pelagiske bestandane.

Då kyststatane deretter blei einige om kva regel dei skal halde seg til, kunne havforskarane lage kvoterådet for 2019, som altså enda på 588.562 tonn.

Har trua på ung, lovande sild
Silda er avhengig av gode årsklassar innimellom for å fylle på bestanden. Rekrutteringa dei seinare åra har vore dårleg.

– Sist superårsklasse var i 2004, og 2013-årsklassen var heller ikkje så verst. Det er denne det blir fiska mest av i dag, seier Stenevik. 2016-årsklassen er ikkje endå ein del av fiskeriet, men ser ut til å vere over gjennomsnittet stor.

– Dersom kvoteråda blir følgt, kan denne årsklassen bidra til å stoppe nedgangen i bestanden.

Källa: Norges Sildesalgslag 23 okt 2018 >>
 

Kommentera gärna:

Senaste inläggen

Senaste kommentarer

Bloggarkiv

Länkar

Etikettmoln