Fare for å miste miljømerking på fleire fiskeslag

MAKRELL: Dei siste åra har kvar enkelt kyststat fastsett nasjonale kvoter i tråd med det den enkelte meiner er rett for seg. ARKIVFOTO: OLE ERIK KLOKEIDE MAKRELL: Dei siste åra har kvar enkelt kyststat fastsett nasjonale kvoter i tråd med det den enkelte meiner er rett for seg. ARKIVFOTO: OLE ERIK KLOKEIDE
Om inte kuststaterna enas om fördelningen och förvaltningen av bestånden, och om inte överfisket reduceras, kommer både NVG-sill och makrill att riskera att mista sin miljömärkning.

Dei siste åra har ikkje kyststatane til kolmule, makrell og norsk vårgytande sild vore samde om forvaltinga og fordelinga av desse artane.

Alle desse bestandane vandrar mellom sonene til kyststatane. Vi kan nytte norsk vårgytande sild som eksempel: Silda gyt i norsk sone, veks opp i russisk og norsk sone i Barentshavet, beitar og legg på seg i norsk sone, færøysk sone, islandsk sone og i internasjonalt farvatn. Slik er det også for makrellen og kolmula. Dei gyt ein plass, veks opp ein annan stad, og beitar «over alt». Kyststatane meiner difor, kvar for seg, å ha gode argument for at dei skal ha ein gitt del av dei enkelte pelagiske bestandane. 
Utfordringa er at summen av krava om andelar ikkje går opp i 100 prosent. På langt nær. Dette er årsaka til at kyststatane ikkje har makta å bli samde om fordelinga og forvaltninga av silda, makrellen og kolmula. Det finnast diverre ikkje objektive kriterium, til dømes i havretten, som kan nyttast for å avgjere korleis bestandane best kan delast mellom kyststatane.

Dei siste åra har kvar enkelt kyststat fastsett nasjonale kvoter i tråd med det den enkelte meiner er rett for seg. Resultatet av denne praksisen er at det i ei årrekkje har blitt fiska meir av både sild, makrell og kolmule enn det havforskarane har tilrådd. Det finnast diverre ikkje objektive kriterium som kan nyttast for å avgjere korleis dei pelagiske bestandane best kan delast mellom kyststatane.

Om ikkje kyststatane blir samde om fordelinga og forvaltinga av bestandane, og om ikkje overfisket blir redusert, vil både norsk vårgytande sild, makrell og kolmule stå i fare for å miste miljømerkinga. Sjølv om bestandane, i alle fall enn som lenge, har tålt eit ekstra fisketrykk, er ei kyststatsavtale om forvalting og fordeling eit av vilkåra for at kolmule, makrell og norsk vårgytande sild framleis skal kunne vere miljømerka.

Miljøstandarden MSC skjerper kravene
Stadig fleire av dei godt betalande marknadane stiller krav om at fisken må vere berekraftig forvalta for at dei skal kjøpe fisken vår. Det hastar difor med å få løyst opp den pelagiske blåknuten. Han løyser seg ikkje sjølv, og det er heller ikkje slik at knuten «greier seg i sjøen».

Norge har tidlegare vist at vi har ein fantastisk fangstkapasitet, som kan mobiliserast i eit posisjoneringsfiskeri, om naudsynt. Vi håpar vi slepp å bruke det våpenet.

Sjømat Norge ynskjer at kyststatane skal bli samde slik at fisket etter sild, makrell og kolmule på nytt blir forvalta på ein ansvarleg og god måte. Men, Norge skal ikkje ta rekninga åleine. Norge skal ikkje betale for den pelagiske festen vi har opplevd dei siste åra. Dei andre statane må også vere med på spleiselaget. Vi er klare til å ta vår del av ansvaret. So får vi håpe dei andre partane også vil vere med, og at dei viser ei større vilje til å finne løysingar enn dei har gjort hittil. 

Källa: Fiskeribladet.no 8 okt 2018 >>
 

Kommentera gärna:

Senaste inläggen

Bloggarkiv

Länkar

Etikettmoln